Informasjon

     Hovedside

    Info 

    Bilder

    Reguleringsplan

    Tomtekart

    Kva skjer

Sandnes hyttegrend ligg i Nissedal kommune i Telemark ved innsjøen Nisser. Nisser er fire mil lang med kommunesenteret Treungen i sør og Vrådal i nord.                

Sandnes hyttegrend finn De langs Rv 41 ca 27 km  nord for Treungen.

Hyttegrenda har ei fin sandstrand, eit nes og ei bukt med godkjent bryggeanlegg for småbåtar. (sjå tomtekart)

Utsikt på vestsida av Nisser er Lindefjell og Hægefjell.

Flott turterreng med oppmerka løype. Kart finn De her.

Det er oppkjørte langrennsløyper på Kyrkjebygheia om vinteren, ca 15 km unna.

Vrådal alpinsenter ligg ca 15 km unna med bra tilbod av løyper/skiheisar.

Hyttegrenda  er tilrettelagt for sjølveigartomter med høg standard.                      Alle tomtene får veg, tilkopla offentleg godkjent vatn, avlaup og straum.

Grenda omfattar 32 tomter ved full utbygging.                                                       Oppmåling av tomt 9-10-11-12-13-14-17 er utført og klar for utbygging.

Prisar frå  kr 480 000 + omkostningar

Oppmålingsgebyr er inkludert i tomteprisen på desse tomtene.

Det er sett opp skilt ved Rv 41.

Ei hytte er ferdig sommaren 2010.

Utbyggjar: John Nordbø, 3854 Nissedal

For meir informasjon ta kontakt  på tlf: 917 32 577 eller

E-post: john-nordbo@2ci.net